torsdag 8. desember 2011

To videoar

I undervisningsopplegga for VG1 er det referert til to videoar frå YouTube. Her er lenkjer:
KeSera med Ordførern og de nære ting:


Made by Norway, Aker solutions (brukar Mellom bakkar og berg):

tirsdag 29. november 2011

Undervisningsopplegg VG3

1             Mål: Vise at nynorsk finst i alle sjangrar
A             Vis modelltekstar frå nett/bok/teikneserie/film/musikk i ulike sjangrar, døme: frå Nynorsksenteret. Poeng å vise brukstekstar i mange sjangrar på nynorsk.
B             Gje elevane ein nynorsktekst og be dei om å omsetje den til bokmål, individuelt.
C             Reflektere skriftleg og i klassa over kva som skjer med teksten når han blei omsett og kva for ein dei likar best. Får dei nokre aha-opplevingar?

2             Mål: verte klar over mangfaldet av dialektbrukarar i media
A             Gje i oppgåve å følgje med i media og notere alle dialektbrukarar, frå radio, tv oa.
B             Dele opp klassa i ulike medie.
C             Reflektere skriftleg og i grupper over korleis dialektbruken verkar -  OK? Dumt? Uskjøneleg?Morosamt?

3             Mytehjørnet. Mål: ta hol på nokre av mytene rundt nynorsken
A             Legg fram mytene om nynorsk i klassa, elevane går rundt i klasserommet til kvart sitt hjørne, som er delt inn i ulike svar på desse påstandane, frå heilt samd – noko samd – noko usamd – heilt usamd, og forsvar kvifor de hamnar der de gjer. Grunngje svara, få ein diskusjon undervegs.
B             Myter:
Nynorsk høver best i bygda    
Nynorsk er vanskeleg
Nynorsk kan ikkje brukast i alle samanhengar
Nynorsk er så likt bokmål at det ikkje er vits i å halde på med to skriftspråk
Med to språk lærer ein ikkje godt nok hovudmålet
Viss eg går over til bokmål i hovedmål, får eg betre karakter
Nynorskbrukarar er umoderne

Undervisningsopplegg VG2

1                    Tverrfagleg skriving
Mål: Auke grunnleggjande ferdigheiter. Elevane utvidar ordforrådet sitt innanfor andre fagområde enn norsk.
Her må ein finne ein faglærar i eit anna fag som ein kan samarbeide med. I prosessen jobbar ein med å utvikle ordforrådet innan det aktuelle fagområdet gjennom å finne/ forklare/ forstå nynorske fagomgrep.
Skriftleg produkt som kan vurderast både fagleg og språkleg, for eksempel korttekst. 
2                    Ordutvidar
Mål: Utvide ordforrådet til elevane.
Dette kan gjerast eit kontinuerleg arbeid gjennom året, der ein ber nokre av elevane (etter tur) om å presentere enkeltord frå leksa som treng forklaring. Dette kan skrivast på plakatar i klasserommet, gjerne med bøying om nødvendig. Norskbøkene Panorama er språkdelte, så nokre gonger (ganske ofte) vil leksa vera på bokmål. Dette kan også gjennomførast i andre fag enn norsk, slik at elevane har i oppgåve å presentere ord frå for eksempel historieleksa. Det vil krevje eit visst tverrfagleg samarbeid. Når det er bokmålsord, kan ein også prøve å finne gode nynorskord for det same.
3                    Nye domene for nynorsken
Mål: Utvide domenet for nynorsk skriftspråk og få elevane til å reflektere over kvifor nynorsken er dårleg representert innan desse domena. 
Elevane lagar ein samansett tekst, for eksempel ein motereportasje, sportsreportasje, musikkmelding, bandpresentasjon, bruksanvisning (!) på nynorsk.
4                    “Forsking” om språkhaldningar
Mål: Få elevane til å reflektere over dei språklege vala som andre har teke, og dermed også sitt eige språklege val.
Elevane blir delt i grupper, der kvar gruppe skal gjennomføre intervju med ulike personar/ institusjonar om kva for språklege haldningar eller språkpolitikk dei har. Det er sikkert lurt å bruke litt tid på å utarbeide spørsmål, og på intervjuteknikk. Intervjua kan skje tradisjonelt, eller med opptaksutstyr (mest eigna til nærstudium). Nyttig bakgrunnskunnskap kan vera informasjon om andre språkdelte samfunn, og korleis det alltid er eit maktforhold mellom fleirtalsspråket og mindretalsspråket. Aktuelle personar/ institusjonar:
o   Lokalavisa
o   Utflytta ungdommar – for eksempel nokre studentar
o   Ungdom som bur på heimstaden
o   Politikarar i heimkommunen/ -fylket
o   Lokalaviser i andre område
o   Reklamebyrå på heimstaden/ i næraste by/ i Oslo
o   Andre personar med stor språkleg påverknad
o   Rektor/ leiing på skulen
Resultatet kan framstillast på fleire måtar, anten som munnleg framlegg, som avisartikkel/ -reportasje mm. 
5                    Nynorsk er dritkult, that’s why!
Mål: Auke forståinga av både språkhistoria og det moderne prosjektet. Få elevane til å reflektere over sine eigne haldningar til nynorsk og til koplinga mellom “nynorsk” og “moderne”.
Presentasjon av Aasen som ein “talsperson” for det moderne, jf. Apelseth si førelesing. Diskutere spørsmål som: Kva var moderne med Aasen sitt prosjekt? Korleis er nynorsken moderne i dag?

tirsdag 15. november 2011

Undervisningsopplegg VG1

Idé 1:
Mål: Å gje elevane medvit om eige språk og identitet
Vi ber elevane skrive ein tekst på eige talemålet, så på hovudmål, og til slutt på sidemål. Etterpå samanliknar dei og ser kva som er likt og ulikt mellom dei ulike målføra, og kva for eitt av skriftspråka som liknar mest på talemålet deira -> metatankar om språk
Ein vri på denne oppgåva kan vere at elevane kan få ut ein tekst, som dei skal omsetje til talemålet sitt, og så samanlikne seg i mellom, om det er stor variasjon i talemål innanfor klassen.
Idé 2:
Ta utgangspunkt i Lomheim si bok «Ord om ord»
Elevane får ansvar for å presentere kvar sin bokstav. Vidare skal dei skrive eit kåseri (evt essay) om eit valfritt nynorsk ord, der dei legg seg på same stilnivå som Lomheim. Dei kan evt. ha samla ei liste over «rare» nynorskord, som dei kan ta utgangspunkt i. Munnleg framføring.
Ekstraoppgåve som kan vere aktuell for Valdres: korleis er det å halde foredrag når manuset er på nynorsk?

Idé 3:
Lage reklameplakat på nynorsk t.d. for Moods of Norway

Idé 4:
Halde eit tverrfagleg grammatikkurs, som er utarbeidd på Volda vgs (du finn det på nettsidene deira). Ha ei prøve til slutt.

Idé 5:
Skrive eit avsnitt av ein skjønnlitterær tekst om til sidemålet. Sjå på om det er det same kva for eit målføre teksten står på, eller om teksten endrar karakter når ein endrar på målføret. Bruke t.d. «Liten knute»

Idé 6:
Ta utgangspunkt i dei viktigaste reglane for nynorsk rettskriving. Dele klassen inn i høvelege grupper, og gje kvar gruppe ansvar for kvar sin regel. Gruppene skal presentere regelen gjennom ein samansett tekst (rap, plakat, film, song…) som skal leggast fram for dei andre. Ein opprettar også ei mappe på Fronter, der kvar klasse skal legge inn teksten sin, samt ein kortfatta «vanleg» tekst som forklarar regelen og syner til døme.
Ein kan bruke «Brotsmannskvad» som eit døme på korleis dette kan gjerast.
Ein vri: gruppene presenterer kva feil dei oftast gjer når dei skriv nynorsk, og kva som er rett måte å skrive dette på

Tekstar vi kan bruke til inspirasjon, eller som døme:
·         Ordføraren i Vanylven rappar i ein reklame for kommunen. Eg leitte etter han, men fann han ikkje.
·         Are Kalvø: kåseri om nynorsk (http://www.youtube.com/watch?v=s7olTWEIwAI)
·         NRK Super nett- TV «Etter skoletid»: innvandrarborn om nynorsk (rappar «Mellom bakkar og berg») Eg har leitt etter dette, både på NRK og youtube, men finn det ikkje. Trur det var Kari H. som snakka om det. Har du ei lenkje, Kari?
·         «Liten knute» av Gunnhild Øyehaug (http://signatur.samlaget.no/menypunkt.cfm?id=86-390-2&mpid=4185,4186)
·         Sylfest Lomheim: Ord om ord (bok)
·         Brotsmannskvad (http://www.youtube.com/watch?v=noizzy1q3Jc)
Dei mest aktuelle kompetansemåla (vg1):
-          Forklare flerspråklighet …
-          Forklare grammatiske særtrekk ved norsk språk ...