1 Mål: Vise at nynorsk finst i alle sjangrar
A Vis modelltekstar frå nett/bok/teikneserie/film/musikk i ulike sjangrar, døme: frå Nynorsksenteret. Poeng å vise brukstekstar i mange sjangrar på nynorsk.
B Gje elevane ein nynorsktekst og be dei om å omsetje den til bokmål, individuelt.
C Reflektere skriftleg og i klassa over kva som skjer med teksten når han blei omsett og kva for ein dei likar best. Får dei nokre aha-opplevingar?
2 Mål: verte klar over mangfaldet av dialektbrukarar i media
A Gje i oppgåve å følgje med i media og notere alle dialektbrukarar, frå radio, tv oa.
B Dele opp klassa i ulike medie.
C Reflektere skriftleg og i grupper over korleis dialektbruken verkar - OK? Dumt? Uskjøneleg?Morosamt?
3 Mytehjørnet. Mål: ta hol på nokre av mytene rundt nynorsken
A Legg fram mytene om nynorsk i klassa, elevane går rundt i klasserommet til kvart sitt hjørne, som er delt inn i ulike svar på desse påstandane, frå heilt samd – noko samd – noko usamd – heilt usamd, og forsvar kvifor de hamnar der de gjer. Grunngje svara, få ein diskusjon undervegs.
B Myter:
Nynorsk høver best i bygda
Nynorsk er vanskeleg
Nynorsk kan ikkje brukast i alle samanhengar
Nynorsk er så likt bokmål at det ikkje er vits i å halde på med to skriftspråk
Med to språk lærer ein ikkje godt nok hovudmålet
Viss eg går over til bokmål i hovedmål, får eg betre karakter
Nynorskbrukarar er umoderne