tirsdag 15. januar 2013

Undervisningsopplegg til språkhistorie

 
1. Kontrafaktisk språkhistorie, gjerne tverrfagleg med historiefaget: Tenkte scenario: Kva kunne skjedd…? Lage 3-4 punkt i historia der ein har for eksempel 3 alternative historiske hendingar à elevane skape ny historisk verkelegheit (hypertekstprinsipp). For eksempel Stortingsdebatten på 1880-talet, 1905, 1929 (omgrepet «nynorsk»/Nidaros-debatten), 1945 osv.

 
2. Di eiga språkslektshistorie –heimelekse. Eleven kartlegg språket skrift- og talespråket for eksempel tilbake til besteforeldre. Reflekterer over kva for eigne språkval ho/ han har teke.

 
3. Anne (16) og bestemor hennar skriv og pratar ulikt. Gjer greie for årsakene til det, og kom med eksempel på det munnlege og skriftlege språket deira.

 
4. Arne Apelseth har skrive om "Nynorsken  i det moderne". Den gjev god bakgrunnskunnskap og forståing for Ivar Aasen sitt prosjekt i eit moderne perspektiv. Karen sender til alle interesserte. Sjå elles Arne Apelseth si side på HiSF.

 
5. Nettutstillinga «Rekvisittar for eit liv» - bruke tekstane der til noko.

Klaus Sonstad om lua til Ivar Aasen, og om å vera ekte og tru: http://www.spel.aasentunet.no/rekvisittar/hue.html

Oppgåve: Korleis er forholdet mellom desse to personane? Kva gjer hovudpersonen usikker? Korleis blir nynorskbruk framstilt her? Kva symboliserer ullua til Ivar Aasen for hovudpersonen? Kva meiner du om koplinga mellom nynorsk og «ekte»?

 
6. Rollespel: elevane spelar roller og presenterer seg som Ivar Aasen, Welhaven, Wergeland, Hulda osv. Også lokale folk, for eksempel? (Når vart landsmålet innført i heimkommunen?).


7. Samnorsktanken – bokbål, lærebokaksjonen, diskutere grundigare kvifor denne tanken ikkje slår gjennom.


 

Undervisningsopplegg til dialektundervisning



1.       Undersøking av reklamespråket:

o   Finst det ein ekte dialekt? Korleis kan ein «høyre» det? Kva assosierer vi med «ekte dialekt»?

 

2.       Elevane vurderer: Samanlikne ein tenkt reklame der ein børsmeglar pratar totning med utdrag frå Ett øga rødt, der det blir sagt at ein innvandrar ikkje kan spela Peer Gynt. Kvifor kan ikkje han spele PG? I neste runde: diskutere om ein børsmeglar kan prate dialekt. Knyte dette mot det postmoderne samfunnet, der «gamalt» og «nytt eksisterer side om side? Og rap-estetikk: Bronx møter bygda.

 

3.       Diskusjonsspørsmål: Rap og kjønn: kvifor er det fleire gutar som er rapparar og færre jenter?

 

 

4.       Lage rap på eige mål. Lage rap så gløppsk/valdrisk som mogeleg. Reflektere rundt bruk av bøyingar, ordval, fonologi. Battling? à for dei vidarekomne.  

 

5.       Samanlikne nynorsk og den eigne dialekten, strukturert framstilling av språktrekk, dvs. gå ut frå bøyingslære, lydlære, setningslære osv. Diskutere kva for dialektendringar ein har i dialekten, og kva dialektendring evt. gjer med bruken av nynorsk.

 

 

6.       Oversetja ein dielekttekst frå dialekt til bokmål, nynorsk og den eigne dialekten, og diskutere kva som skjer med oppfatninga av teksten.

 

7.       Harald Eia i Språkteigen diskuterer  kvifor dei brukar dialekt i sendingane. Kari sender lenkje.

 

 

8.       Elevane reflekterer over innhaldet her: Ronny på P3-morgon om Wordfeud på nynorsk.  https://itunes.apple.com/no/podcast/id154069962

Sjå 13. 9.2012, 22.00 ut i sendinga!

 

9.       Stygge og pene dialektar, dialekt som noko stigmatiserande. Kvar kjem stereotypiane frå? Nord-norske som ikkje fekk hybel. Kaste dialekten er ein metode for å ikkje bli putta i bås. Verdamer på tv2/ Rune Nilson/ Odd Nordstoga for eksempel 4-6 ulike dialektbrukarar frå media. Diskutere kva for språk dei pratar: dialekt/ nynorsk. Korleis oppfattar vi dei? Kvifor oppfattar ein dei slik. Og kva passar nynorsken til?

 

 

10.   Stillbilde av personar: kva for dialekt pratar dei? Skriv dei nynorsk eller bokmål?

 

11.   Ta opp ein munnleg tekst på tape, deretter skrive den  ut  på bokmål,  nynorsk og dialekt. evt. at ein pratar og ein skriv ned.  Få fram forskjellen mellom tale og skrift, dialekt og standardspråk.

 

 

12.   Tenk deg Bergen som nynorskby…  Kva må gjerast for at språket i ein by (Bergen/ Fagernes) blir nynorsk?

 

13.   Du skal skape eit skriftspråk på ei til no uoppdaga øy, korleis vil du gå fram. Evt. det finst ikkje eit skriftspråk i Noreg i dag. Korleis skal ein gå fram for å få eit norsk skriftspråk? Korleis går ein fram for å få det implementert (få folk til å bruke det)? Korleis får det prestisje?

 

 

14.   Språkleg sjølvsensur i dag vs. tidlegare tiders sensur frå for eksempel «fine fruer», jf. annonse om «nordlending ønskes ikke».

 

  

Unn Røyneland si førelesing: Det norske dialektlandskapet

På seminaret i Sogn i oktober 2012 hadde vi mellom anna ei svært interessant førelesing av Unn Røyneland. Det gav oss mange gode idear til korleis vi kan drive dialektundervisning annleis enn i dag:

Korleis og (kvifor) drive dialektundervisning i dag?

Endringsperspektivet bør vera i fokus – kva for trekk som er stabile eller varierer osv.

·         Utviklingsliner

·         Fagtradisjonen

·         Dialektologi og sosiolingvistikk har til felles: interesse for variasjon

o   Dialektologi – regional, geografisk variasjon

o   Sosiolingvistikk – sosial variasjon innanfor eit geografisk område, personleg variasjon, temporal variasjon, utg pkt i komparativ lingvistikk , bygger på dialektologane, variasjon og sosial meining, kan bruke variasjon til å skape sosial meining.

I dag: vanskeleg å sjå vekk frå sosiolingvistikken

Tradisjonell: studie av rurale område, informantar med minst mulig variasjon, «NORM»: «Non Mobile Rural Men»

Sosiolingvistikken: byar, sosiale grupperingar, stil og praksis

Begge er synkrone vitskapar – språket her og no, men også endring (diakron).

Sosial dialektologi også hjå dei gamle dialektologane.

 Dialektundervisning i dag bør inkludere begge tradisjonane, også sosial endring.

Dialekt: tradisjonell definisjon: geografisk bestemt språkleg varietet

Nyare definisjon: geografisk, sosialt eller etnisk bestemt språkleg varietet. (Kan vera samanfall mellom sosiolekt, etnolekt og geolekt, jf. aust og vest i Oslo.)

è Ikkje kvel elevane med pugging av målmerke, for karta stemmer ikkje med terrenget. Karta kan brukast som eit utg pkt, dei er gamle og ikkje presise, blir reproduserte. Karta i boka til Røyneland og Mæhlum er også basert på Hallfrid Kristiansen.

Alt er ikkje i endring, for eksempel infinitiv. Dei same dialektgrensene i all hovudsak.

Oppgåve: Stemmer kartet med terrenget? Høyre lydprøve, ta utgangspunkt i at det for eksempel ikkje er retrofleksar i Vest-Telemark og S og Fj – aktuell oppgåva med fleire språktrekk.

Tekstlaboratoriet på uio.no – vi kan få tilgang. Over 200 stader ligg inne, og tekstane ertranskribert. Ein kan også søke etter grammatiske kategoriar.

 Dialektnivelleringsmodellen – ulike krefter verkar inn i dei ulike prosessane –

Austlandet – mykje dielakektskifte, ikkje berre nivellering

Spreiing via overrisling, resultatet avhengig av «jordsmonnet»:  by à tettstad à omland

Nøytralitetsstrategiar –

1.       gå over til standardtalemål

2.       blande dialekt – det å blande er eit forsøk på å vera nøytral (sjølv om negatvit bedømt av mange)

3.       Bidialektisme, veksling mellom kodar – stort individuelt repertoar

Byens posisjon  - «Forskingen rører ikke ved bymålene..» (Trygve Knudsen), men forskaren Amund B. Larsen skreiv om bymål i Kristiania, Trondheim og Stavanger. Han fekk ikkje professoratet, det fekk Marius Hægstad («Landsmålets dialekter»)

Byen i sentrum igjen:

UPUS – utviklingsprosesser i urbane språkmiljø, delprosjekt i store byar

NOTA-OSLo: norsk talespråkskorpus, oslodelen, 166 informantar frå heile oslo, unge og gamle i aust og vest

Kje/skje – stor forskjell mellom aust og vest, noko kjønnsforskjellar (men stor spreiing i kjønnsgruppene)

Understudert område:

o   Korleis blir dialekt framstilt i media?

o   Medierte språkhaldningar

Kan gå på nettet og sjekke («Dialekt og parykk») – dialektbruk i Team Antonsen. Brukar eksisterande stereotypiar (og forsterkar dei ?)

Reklame: Tine Mjølk - i ulike regionar . Dei generelle reklamefilmane, utan geografisk tilknytnad, har «bokmåls»dialekt.

Endre Brunstad har skrive om Sidebrok og andre rap-grupper om grupper som rappar på dialekt (rural hip hop) à autentisitet innan hip-hopen, anten det er bronx eller det er hovdebygda

 

Digitale ressursar:

Dialektexperten

Norsk digital læringsarena

Tekstlaboratoriet

Det norske dialektlandskapet

Multietnolektisk norsk

Danny Boy – samanliknar seg med Wergeland sitt prosjekt om «lexikalsk berigelse», didaktisk formål. Hadde wergeland levd i dag, ville han vore «a motherfucking rapstar»

Dadi jr.

Kebabnorsk – ny dialekt, snakka om det som ein ny norsk dialekt

Oddmund Løkensgard Hoel si førelseing

I oktober 2012 hadde Firda vgs. og Valdres vgs. eit nytt samarbeidsseminar i Sogn. Tema denne gongen var språkhistorie og dialektundervisning. Her er referat frå Oddmund Løkensgard Hoel si svært interessante førelesing. Det vart langt, for det var så interessant:


·        Graf over utbreiing og elevtal for elevar med nynorsk frå 1890 til 1960 viser ein topp kring 1944 (55 % av krinsane, 34 % av elevane), deretter nedgang.

Det er eit voldsomt språkskifte frå 1890-1945-1960, KVIFOR? à dette spørsmålet manglar i språkhistoria.
 

·         Språkhistorie (ytre) bør vera tverrfagleg disiplin

o   Utbreiing og domeneutbreiing er eit interessant tverrfagleg emne,

o    men fort gjort å bli nærsynt

o   Språkhistoria tilllegg språkorganisasjonane for mykje vekt! Det er lett å tenkje at organisasjonane Mållaget og Riksmålsforbundet har hatt mykje å seia, men dei har fyst og fremst vore debattantar. Rammevilkår og samfunnsendringar får for lite fokus.

Målreisinga og målsaka må sjåast i høve til

·         Skiftande politisk landskap/ språket si rolle i rikspolitikken

·         Framveksten av arbeidarrørsla

·         Urbaniseringa

·         Industrialiseringa

Språkhistoria må sjåast i desse perspektiva:

Omgrepshistorie (ein disiplin som er utvikla i Tyskland)-

Korleis vi brukar omgrep, har mykje å seia for korleis vi forstår utviklinga

Viktige spørsmål

·         «Bogsproget»på 1800-talet  - var det norsk eller dansk? Når vart det «norsk»? Meir viktig – korleis oppfatta aktørar i samtida det? Kva vart det kalla? Kva for merkelappar var det, og kva hadde dei å seia i språkstriden?

·         Grunnnlova 1814: «norsk sprog». På den tida var det høgst uklart kva «norsk språk» vart à difor veldig viktig å få vera den definerande parten.

·         Aasen sitt viktige poeng: han definerer «norsk» som eige språk – og skaper forståing for kvifor dialektane utgjer eit norsk språk. Norsk språk befinn seg jo i eit dialektkontinuum, men «svensk» og «dansk» fanst allereie à han såg at han måtte etablere eit nasjonalspråk for å få den same makta.

·         Knud Knudsen: brukar omgrepet «dansk-norsk» målstrev, i motsetnad til «norsk-norsk» målstrev, som Aasen stod for. Han gir ut «Håndbok i dansk-norsk språklære». Dette omgrepet hadde positiv klang i samtida, og vart seinast brukt positivt i 1890-åra. à Dette vart seinare eit skjellsord i målrørsla, brukt som stikk til bokmålsfolket. Etter kvart vart det eit stort poeng å kvitte seg med det danske.

·         1899: Omgrepet «rigsmålet» blir til, Bjørnson får æra for omgrepet. Men det var Håkon Løken (Trondheim) som hadde teke til orde for å bruke det. Vart fanga opp av Bjørnson i 18…., då han starta felttoget mot målreisinga (kjent foredrag). Sofus Bugge var også med her. Omgrepet vart veldig effektivt, og omgrepet «dansk-norsk» opphøyrer å eksistere! Omgrepet blir eit fast samlingsmerke, språket blir dermed riksdekkande. Smart å bruke «-mål» i staden for «-språk», for det skaper norske konnotasjonar. Seinare vart det «det allminnelige bokmålet».

·         Frå «landsmål» til «nynorsk» kring 1900.

·         Aasen: la vekt på den doble tydinga i «landsmål»: Gjeld heile landet, og gjev assosiasjonar til landsbygda, som for han var positivt, ei oppvurdering av landsbygda sitt språklege gods. Konnotasjonane til landsbygd vart negativt for omgrepet. «Nynorsk» formelt frå 1929.

·         (Skiljet mellom språk og dialekt er eit anna døme)

 

Språkhistoria som problem:

·         Språkhistoria blir framstilt som problem: I 1814 fanst det ikkje noko problem, eigentleg.  Dialektane var ikkje meir fjerne enn dialektane i mange andre land iht standardspråket.

·         Lesekunna var utbreidd, men samfunnet stilte stadig aukande krav til lesekunne, vi ser ei skriftleggjering av av samfunnet. Det også eit internasjonalt problem. Vi ser ein auke i bokproduksjon frå slutten av 1700-talet.

·         Standardiseringsepoke frå slutten av 1700. Tidlegare var variasjon i skrivemåte sett på som positivt. Ove Malling gir i 1777 ut eit verk som sette standarden for god dansk: «Store og gode handlinger af Danske, Norsk og Holstenere.»

·         à Boktittelen understrekar at det på den tida var ein konglomeratstat. Men i 1814 var Noreg blitt ein sjølvstendig stat, men utan eige språk.  Ideen om nasjonalstaten blir viktig for utviklinga.

·         Laurents Hallager følgjer i desse fotspora i 1802 med norsk ordsamling. Dette verket har den same oppfatninga som Aasen seinare arbeidd for: norsk som separat språk.

·         Situasjonen fram til 1850 var meir flytande enn den gjengse wergeland – welhaven-munch –aasen- knudsen-forteljinga.

o   Uklart om det var eit skilje mellom språka. For mange var det vanskeleg å sjå forskjell på Knudsen og Aasen sine prosjekt.

o   Grensa mellom Aasens og Knudsens prosjekt blir dregen på 1860-talet. Her kjem også organseringa av språkkampen.

o   Diskusjonen i 1885 viser at det var uklarheit i Stortinget om forskjellen mellom Knudsen og Aasen. Kva vedtok dei eigentleg?

·         Kampen seinare har oppnådd likestilling men ikkje likevekt! Ikkje fri tevling, språka har svært ulike vilkår.

·         Styrken i målreisinga: Hadde initiativet, var den offensive, hadde den beste organiseringa, og det største truverdet som nasjonal sak.

·         Svakheit i målreisinga: starta frå 0! Utarbeiding av norm, opparbeiding av litteratur, aviser, utbreiing osv. Implementering av nytt språk er vanskeleg. + Negative haldningar, allereie i samtida: «Ubrukeleg som moderne språk».

·         Tidstypisk på sitt vis: Talet på europeiske språk dobla seg (?) på 1800-talet. Nasjonaliseringselement.

·         Knudsens reformlinje hadde statusen til det eksisterande skriftspråket i ryggen, eit rettskrivingsarbeid som liknar meir på andre land i denne tida.

·         Det tredje alternativet: samnorsken - eit forsøk på ei språkteknokratisk løysing på eit delt skriftpsråk.

·         Men opphavet er meir interessant, 1860 då Knudsen og Aasen skildest: Sars, Hagmann, Berner: Nasjonsbyggingsprogram – den dansk-norske høgkulturen og den norsk-norske bygdekulturen måtte inngå i ein ny norsk kulturell identitet. Blir teke opp av Koht som gjer det til arbeidarrørsla sin språkpolitikk. Idear om nasjonsbygging som fekk brei tilslutnad, både i mållag og riksmålskretsar ved starten av 1900.

·         à Meir flytande verkelegheit enn vanleg i lærebokframstilling. Dette kunne gått annleis under andre omstende!

 

Målspørsmålet som politikk:

·         Konstituerande for partiskilja, Venstre vart målpartiet, målrørsla kapra Venstre. Målfolk sat sentralt i venstre.

·         Men kva var det med målsaka som gjorde ho interessant for Venstrefolk som ikkje var målfolk? Jo den er med å konstituere eit skilje mellom Høgre og Venstre. Stemmetala i 1885 viser blokkdeling.

·         Målsaka var ei vinnarsak for Venstre. Fordi:  den var samlande for landet då, medan andre saker var splittande! (For eksempel Kielland, jarnbane som splitta Venstre). Gode venstremenn var for målsaka, også skipsreiarar frå Bergen! Michelsen, Mowinkel osv. Eit ledd i Venstre sitt breie nasjonsbyggingsprosjekt.

·         Politisk nasjonalisme og kulturnasjonalisme: riksrettsstriden, unionsoppløysinga, uro rundt 1. verdskrig. à målsaka vekk vind i segla. Pga: Latent kulturnasjonalisme som blir utløyst av ytre faktorar.

·         Men Venstre varer ikkje evig. «Då venstre var stort» – «då venstre vart lite» (Grepstad). Akutt behov for nyorientering i målrørsla à møte med arbeidarrørsla, Koht osv. Berre delvis vellukka.

·         Dette var ei tid då målspm. var viktig i politikken, meir viktig enn i dag. Regjeringskrise på målsak i 1912 (Konow sitt fall). Illustrer at dette spørsmålet nådde i toppen av norsk politikk. Denne situasjonen gjekk over, ikkje minst fordi staten fekk andre oppgåver: veksten i den moderne staten. Dei store, tunge velferdssakene, sjukehus osv., som staten tidlegare ikkje dreiv. Desse sakene (sosiale og økonomiske) vart meir skiljande i politikken enn kulturelle og territoriale (fråhald, målsak, religion osv.). Slik veks AP fram!

·         Språk, religion osv blir etter kvart privatsak, også i eit forsøk på å feie vanskelege saker under teppet.

·         Urbaniseringa blir eit problem: – identiteten i målsaka var «bygdereising» - eit syn som stod sterkt lenge i målrørsla.

·         H og V ueininge om mykje i 1885, men begge er einige i at landsmålet passar best på bygda og ikkje i byen.

·         Kristiania voks sterkt, sterkast i heile Europa. Bydialektane fall mellom stolane, verken riksmål eller landsmålsfolk fatta interesse for dei.

·         Sentrum-periferi-dimensjonen: Byvekst sett på som trugsmål mot bygdene og målreisinga, målreisinga vart symbolsak i den dimensjonen.

·         1900: nyorientering – kan ikkje sjå bort frå byane. Ein må vinne dei også om ein vil ha idear om å få nn som landsdekkande språk. Fekk gjennomslag hjå strategane i målrørsla. Fattar også interesse for bydialektane, for eksempel Idar Handagard gransking av bymål i 1902. 

·         Bondeungdomslag (1899 à) – kaffistova og bondeheimen mm. jf i dag i innvandringsintegreringa. Dersom ein berre organiserte seg godt og bygdefolket som kom til byen tok med seg dialekt og nynorsk, ville dei til slutt erobre byen. Møtte raskt sosiale realitetar som slo den satsinga tilbake. Lukkast ikkje med å skape nynorsk urban identitet.

·         Riksmålsrørsla hadde taket på byane. Var ein viktig aktør, sto for den utbreidde haldninga om at riksmålet passa best i byane. Bjørnson sine utsegner om tussete bønder og bygdefolk, viktig faktor.

·         Riksmålsrørsla og målrørsla var i lag om å skape eit skilje mellom by og land! Dette vart etter kvart eit problem for målrørsla.

·         «Nidaros»-debatten i 1929, forsøk på målreising à mobilisering frå byfolket à 1931 heiter byen Trondheim. Deretter ingen omdøyping av byar. Her møtte nynorsken veggen. Klarte ikkje å erobre byane.

Etterkrigstida:

o   Riksmålsoffensiven: kamp for reversering av innføring av nynorsk –> lykkast. Talet på krinsar går ned

o   Krigen = brotet i språkhistoria, vanleg framstilling. Stemmer delvis. Men

o   Urbanisering, utarming av landsbygda, generell kulturell endring, oppdemd sentralisering: bølgje av skulesamanslåing og folkeflytting, frå landbruk til industri.

o   Bygdene kjem i bakleksa, bygdekulturen er symbolet på fortida, bykulturen er framtida.

o   1960-70: kjem nyorientering.

§  Det norske språkproblemet: er det ein normal fleirspråkstiuasjon? Jf internasjonal samanheng. Manglar enno litt på denne forståinga.

Sjølvforsterkande prosessar, med dynamikk mellom fløyane:

 Mange trudde kring 1914 at nynorsken kom til å vinne. Etter andre verdskrigen: nynorsken taper ein stad à smittar vidare.

Konklusjon på korleis skrive språkhistorie: Må finne dei stadene der situasjonen ligg open! Stille kontrafaktiske spørsmål! Ikkje berre finne dei poenga som skaper ei samanhengande historie, jf. framstillinga i lærebøkene.

Kva hadde skjedd i 1905 om ein ikkje hadde gått i krig mot AP? Kva hadde skjedd utan 1905?

Kva kan ein lære av historia?

mandag 26. mars 2012

Seminar i Sogndal: Jon Todal om nynorskopplæring og anna morsmålsopplæring

På dag 2, etter ein lang dag 1, og med ein møtelyd godt oppfylt av softis og popkorn (!) viste Jon Todal oss korleis opplæring i eit mindretalsspråk er noko anna enn opplæring i eit fleirtalsspråk. I Europa finn ein mange land som har innfødde mindretalsspråk og som driv systematisk og målretta opplæring i mindretalsspråket. I Noreg gjeld dette for eksempel samisk. Jon Todal viser korleis ein med fordel kan leggje den same verkelegheitsforståinga til grunn når det er snakk om nynorskopplæring. For eit mindretalsspråk eksisterer aldri på same grunnlag som eit fleirtalsspråk, og dette gjer opplæringssituasjonen spesiell.
Ein slik opplæringssituasjon tek utgangspunkt i at språket vårt er ein verdi i seg sjølv. Dette synet har støtte i offentlege dokument i Noreg, men er likevel noko ein som nynorskbrukar stadig blir beden om å argumentere for.
Ulike fleirspråkssituasjonar:
1             Grensefleirspråklegheit (beherskar to nasjonalspråk pga. grenseflytting mm.)
2             Innvandrarfleirspråklegheit
3             Elitefleirspråklegheit
4             Akademisk fleirspråklegheit
5             Innfødd fleirspråklegheit (situasjonen for samar i Noreg – og for nynorskingar i Noreg?)
Det er den innfødde fleirspråklegheitssituasjonen som er aktuell som samanlikningsgrunnlag for nynorsk/ bokmål – situasjonen. I følgje lovverk og vedteken politikk (St.m. 35 m.fl.) er det eit mål for opplæringa at norske elevar skal vera tospråklege.

For å få til ei vellukka opplæring i mindretalsspråket, er det fleire ting som må på plass. Det fyrste er at ein startar å snakke om elefanten i rommet: Nynorsk og bokmål er ikkje likestilte. Vidare finst det tre vanlege oppfatningar om fleirspråklegheit som må ryddast unna. Dette er henta frå Nancy Dorian, som har studert fleirspråklegheit i Wales:
1         Alle språk er ikkje like gode.
2         Språk med få brukarar vil forsvinne.
3         Tospråklegheit er skadeleg.
Som norsklærarar og nynorskbrukarar kjenner vi att alle desse tre oppfatningane.
Det finst også ein del fellestrekk mellom innfødde mindretalsspråk:
·         Kjerneområde på landsbygda
·         Låg status
·         Tospråklegheit
·         Språkskifte
·         Organisert styrkingsarbeid
Dette passar godt på nynorsk:
p  Nynorsk er eit mindretalsspråk, bokmål eit fleirtalsspråk
p  Nynorsk har mindre prestisje enn bokmål
p  Ei ubreidd oppfatning at nynorsken har ei usikker framtid
p  Ei utbreidd oppfatning at den norske tospråkssituasjonen er skadeleg for eleven

Korleis ein skal drive opplæring i eit mindretalsspråk, vil vera avhengig av desse faktorane:
p  Elevkategori (er det ein mindretals- eller fleirtalsspråkbrukar som skal lære mindretalsspråket?)
p  Språket i klasserommet (er fleirtalsspråket eller mindretalsspråket bruksspråk i klasserommet?)
p  Det samfunnsmessige målet med opplæringa (assimilering? språkleg rikdom? pluralisme?)
p  Det språklege målet med opplæringa (er målet fullstendig, delvis eller relativ fleirspråklegheit?)




Med utgangspunkt i kjende opplæringsmodellar (Colin Baker) viste Jon Todal kvifor opplæringa i nynorsk ofte ikkje fungerer:

Type program
Elev-kategori
Språk i klasse-rom
Samfunns-mål
Språkmål
«Språk-drukning»
Nynorsk-elev
Bokmål
Assimilering
Einspråkleg bokmål
«Framand-språk»
Bokmåls-elev
Bokmål med nynorsk som fag
Ein viss språk-rikdom
Avgrensa tospråkleg-
heit
«Over-gangs-modell»
Nynorsk-elev
Nynorsk i barneskulen så bokmål
Ein viss språk-rikdom
Relativ einspråkleg bokmål


Desse modellane opererer med «samfunnsmål» og «språkmål» som er reelle, men som ikkje dei offisielle måla for opplæringa. «Språkdrukningsprogrammet» og «overgangsmodellen» viser situasjonen for nynorskelevane i for eksempel Valdres. «Framandspråksprogrammet» viser situasjonen for bokmålselevar som skal lære nynorsk som sidemål. Modellen viser kva du får ut i andre enden (språkmål og samfunnsmål) når mindretalsspråkbrukarane blir utsett for for mykje av fleirtalsspråket.

Type program
Elev-
kategori
Språk i klasse-rom
Sam-funns-mål
Språk-mål
Språkbad
Bokmåls-elev
Mest nynorsk, bokmål som fag
Pluralisme
Tospråk-legheit
Språk-bevaring
Nynorsk-elev
Berre nynorsk, bokmål som fag
Pluralisme
Tospråk-legheit










Følgjande situasjon vil fungere:
I denne modellen er det samsvar mellom dei uttala måla og dei tiltaka ein set inn.
Jon Todal viste oss altså:
è Å undervise i nynorsk som hovudmål er grunnleggande annleis enn å undervise i bokmål som hovudmål
è Å undervise i nynorsk som sidemål er grunnleggande annleis enn å undervise i bokmål som sidemål
è Det må utviklast eigne modellar for opplæring i nynorsk og bokmål.