mandag 26. mars 2012

Seminar i Sogndal: Nina Teigland og Aud Søyland

Den 7. og 8. mars hadde norskseksjonane ved Valdres og Firda vgs. felles seminar i Sogndal. Her er kort oppsummert kva Nina Teigland og Aud Søyland tok opp i sine innlegg:
Nina Teigland gjorde greie for språkrådets syn på UDIR si tilråding til Kunnskapsdepartementet.
Kort oppsummert, fritt etter Karens forståing: Dersom Kunnskapsdepartementet følgjer Udir sine råd og legg mindre vekt på sidemålet, vil dei ikkje oppfylle dei språkpolitiske måsetjingane som er vedtekne i Stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer. Udir byggjer sin argumentasjon på eitt avsnitt i stortingsmeldinga som kom i fjor og som eigentleg handlar om valfag i ungdomsskulen. Mao. ikkje eit veldig sentralt dokument for norskfaget eller for forholdet mellom nynorsk og bokmål. Skulen er ein viktig arena for språkpolitikken, og Språkrådet meiner difor at sidemålsundervisninga må styrkast, ettersom det er i tråd med vedteken politikk.  Kunnskapsdepartementet må også stø seg meir på kunnskapane til Nynorsksenteret (deira FOU-plan blir fullført i vår) og på råda frå Forum for norskfaget.
Dette er for øvrig mykje av det same som kjem fram i denne kronikken frå Arnfinn Muruvik Vonen: 

Aud Søyland gjorde greie for korleis «nynorsknemnda» arbeidde med den nye nynorsknormalen som trer i kraft hausten 2012.
Kort oppsummert:
I 2002 vart samnorsktanken skrinlagt formelt. Omtrent samtidig vedtok ein å ta vekk klammeformene, som var i bruk både i nynorsk og bokmål, dvs. slutt på læreboknormalen. Bokmål fekk ny rettskriving i 2005, der klammene er vekke og valfridommen er innskrenka. Eit forsøk på å gjera det same med nynorsken stranda, truleg pga. Noregs Mållag sin protest. Nynorskfolket hadde større glede av valfridommen enn bokmålsfolket, som ikkje hadde sakna han. For mange var valfridommen eit stort fortrinn i nynorsken, sidan språket kunne tilpassast dialekten.
Premissen for den nye nynorsknorma var altså at klammene skulle vekk og at valfridommen totalt skulle bli mindre. Arbeidet frå den førre reforma, som vart skrinlagt, skulle leggast til grunn.
Valfridom er ikkje nødvendigvis eit problem for elevane – dei kan oftare få rett fordi fleire former er tilletne. Men det skapar problem ma. for lærarane som ikkje alltid har kontroll på hovudformer og sideformer osv.
Nemnda sjølv valde å legge følgjande prinsipp til grunn for vala sine:
·         Normering uavhengig av bruk i bokmål (bortsett frå framandord, for eksempel «pøbb»)
·         Skriftspråkleg tradisjon og praksis (nasjonal norm, ikkje regionale normer)
o   Har brukt tekstkorpus på UiO. Her får ein oversikt over frekvensen av bøyingsformene. Dette prinsippet har ikkje vore lagt til grunn før (?).
·         Utbreidde talemålformer blir tillagde vekt.
o   Talemålet er forskjellig, så det er vanskeleg å ha det som rettesnor. Då måtte «alt» vera lov. Vanskeleg å vite kor utbreidd ei form skal vera for at dette prinsippet slår inn.
·         Lite brukte former skal som hovudregel ut, variantar som står sterkt, skal jamstellast.
Prinsippa er brukte i ulik grad. Nokre gonger er det talemålet som vinn, andre gonger er det den skriftlege bruken og tradisjonen som avgjer. Ofte blir det jamstelling.
«Ei stram norm» var bestillinga, og det er no usemje omkring kor stram norma er. Det finst sjølvsagt framleis valfridom. Men talet på tilletne former har gått ned. Men sidan læreboknormalen er vekke, vil kanskje elevane møte fleire ulike former i for eksempel læreverka sine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar