tirsdag 15. januar 2013

Undervisningsopplegg til språkhistorie

 
1. Kontrafaktisk språkhistorie, gjerne tverrfagleg med historiefaget: Tenkte scenario: Kva kunne skjedd…? Lage 3-4 punkt i historia der ein har for eksempel 3 alternative historiske hendingar à elevane skape ny historisk verkelegheit (hypertekstprinsipp). For eksempel Stortingsdebatten på 1880-talet, 1905, 1929 (omgrepet «nynorsk»/Nidaros-debatten), 1945 osv.

 
2. Di eiga språkslektshistorie –heimelekse. Eleven kartlegg språket skrift- og talespråket for eksempel tilbake til besteforeldre. Reflekterer over kva for eigne språkval ho/ han har teke.

 
3. Anne (16) og bestemor hennar skriv og pratar ulikt. Gjer greie for årsakene til det, og kom med eksempel på det munnlege og skriftlege språket deira.

 
4. Arne Apelseth har skrive om "Nynorsken  i det moderne". Den gjev god bakgrunnskunnskap og forståing for Ivar Aasen sitt prosjekt i eit moderne perspektiv. Karen sender til alle interesserte. Sjå elles Arne Apelseth si side på HiSF.

 
5. Nettutstillinga «Rekvisittar for eit liv» - bruke tekstane der til noko.

Klaus Sonstad om lua til Ivar Aasen, og om å vera ekte og tru: http://www.spel.aasentunet.no/rekvisittar/hue.html

Oppgåve: Korleis er forholdet mellom desse to personane? Kva gjer hovudpersonen usikker? Korleis blir nynorskbruk framstilt her? Kva symboliserer ullua til Ivar Aasen for hovudpersonen? Kva meiner du om koplinga mellom nynorsk og «ekte»?

 
6. Rollespel: elevane spelar roller og presenterer seg som Ivar Aasen, Welhaven, Wergeland, Hulda osv. Også lokale folk, for eksempel? (Når vart landsmålet innført i heimkommunen?).


7. Samnorsktanken – bokbål, lærebokaksjonen, diskutere grundigare kvifor denne tanken ikkje slår gjennom.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar