tirsdag 15. januar 2013

Oddmund Løkensgard Hoel si førelseing

I oktober 2012 hadde Firda vgs. og Valdres vgs. eit nytt samarbeidsseminar i Sogn. Tema denne gongen var språkhistorie og dialektundervisning. Her er referat frå Oddmund Løkensgard Hoel si svært interessante førelesing. Det vart langt, for det var så interessant:


·        Graf over utbreiing og elevtal for elevar med nynorsk frå 1890 til 1960 viser ein topp kring 1944 (55 % av krinsane, 34 % av elevane), deretter nedgang.

Det er eit voldsomt språkskifte frå 1890-1945-1960, KVIFOR? à dette spørsmålet manglar i språkhistoria.
 

·         Språkhistorie (ytre) bør vera tverrfagleg disiplin

o   Utbreiing og domeneutbreiing er eit interessant tverrfagleg emne,

o    men fort gjort å bli nærsynt

o   Språkhistoria tilllegg språkorganisasjonane for mykje vekt! Det er lett å tenkje at organisasjonane Mållaget og Riksmålsforbundet har hatt mykje å seia, men dei har fyst og fremst vore debattantar. Rammevilkår og samfunnsendringar får for lite fokus.

Målreisinga og målsaka må sjåast i høve til

·         Skiftande politisk landskap/ språket si rolle i rikspolitikken

·         Framveksten av arbeidarrørsla

·         Urbaniseringa

·         Industrialiseringa

Språkhistoria må sjåast i desse perspektiva:

Omgrepshistorie (ein disiplin som er utvikla i Tyskland)-

Korleis vi brukar omgrep, har mykje å seia for korleis vi forstår utviklinga

Viktige spørsmål

·         «Bogsproget»på 1800-talet  - var det norsk eller dansk? Når vart det «norsk»? Meir viktig – korleis oppfatta aktørar i samtida det? Kva vart det kalla? Kva for merkelappar var det, og kva hadde dei å seia i språkstriden?

·         Grunnnlova 1814: «norsk sprog». På den tida var det høgst uklart kva «norsk språk» vart à difor veldig viktig å få vera den definerande parten.

·         Aasen sitt viktige poeng: han definerer «norsk» som eige språk – og skaper forståing for kvifor dialektane utgjer eit norsk språk. Norsk språk befinn seg jo i eit dialektkontinuum, men «svensk» og «dansk» fanst allereie à han såg at han måtte etablere eit nasjonalspråk for å få den same makta.

·         Knud Knudsen: brukar omgrepet «dansk-norsk» målstrev, i motsetnad til «norsk-norsk» målstrev, som Aasen stod for. Han gir ut «Håndbok i dansk-norsk språklære». Dette omgrepet hadde positiv klang i samtida, og vart seinast brukt positivt i 1890-åra. à Dette vart seinare eit skjellsord i målrørsla, brukt som stikk til bokmålsfolket. Etter kvart vart det eit stort poeng å kvitte seg med det danske.

·         1899: Omgrepet «rigsmålet» blir til, Bjørnson får æra for omgrepet. Men det var Håkon Løken (Trondheim) som hadde teke til orde for å bruke det. Vart fanga opp av Bjørnson i 18…., då han starta felttoget mot målreisinga (kjent foredrag). Sofus Bugge var også med her. Omgrepet vart veldig effektivt, og omgrepet «dansk-norsk» opphøyrer å eksistere! Omgrepet blir eit fast samlingsmerke, språket blir dermed riksdekkande. Smart å bruke «-mål» i staden for «-språk», for det skaper norske konnotasjonar. Seinare vart det «det allminnelige bokmålet».

·         Frå «landsmål» til «nynorsk» kring 1900.

·         Aasen: la vekt på den doble tydinga i «landsmål»: Gjeld heile landet, og gjev assosiasjonar til landsbygda, som for han var positivt, ei oppvurdering av landsbygda sitt språklege gods. Konnotasjonane til landsbygd vart negativt for omgrepet. «Nynorsk» formelt frå 1929.

·         (Skiljet mellom språk og dialekt er eit anna døme)

 

Språkhistoria som problem:

·         Språkhistoria blir framstilt som problem: I 1814 fanst det ikkje noko problem, eigentleg.  Dialektane var ikkje meir fjerne enn dialektane i mange andre land iht standardspråket.

·         Lesekunna var utbreidd, men samfunnet stilte stadig aukande krav til lesekunne, vi ser ei skriftleggjering av av samfunnet. Det også eit internasjonalt problem. Vi ser ein auke i bokproduksjon frå slutten av 1700-talet.

·         Standardiseringsepoke frå slutten av 1700. Tidlegare var variasjon i skrivemåte sett på som positivt. Ove Malling gir i 1777 ut eit verk som sette standarden for god dansk: «Store og gode handlinger af Danske, Norsk og Holstenere.»

·         à Boktittelen understrekar at det på den tida var ein konglomeratstat. Men i 1814 var Noreg blitt ein sjølvstendig stat, men utan eige språk.  Ideen om nasjonalstaten blir viktig for utviklinga.

·         Laurents Hallager følgjer i desse fotspora i 1802 med norsk ordsamling. Dette verket har den same oppfatninga som Aasen seinare arbeidd for: norsk som separat språk.

·         Situasjonen fram til 1850 var meir flytande enn den gjengse wergeland – welhaven-munch –aasen- knudsen-forteljinga.

o   Uklart om det var eit skilje mellom språka. For mange var det vanskeleg å sjå forskjell på Knudsen og Aasen sine prosjekt.

o   Grensa mellom Aasens og Knudsens prosjekt blir dregen på 1860-talet. Her kjem også organseringa av språkkampen.

o   Diskusjonen i 1885 viser at det var uklarheit i Stortinget om forskjellen mellom Knudsen og Aasen. Kva vedtok dei eigentleg?

·         Kampen seinare har oppnådd likestilling men ikkje likevekt! Ikkje fri tevling, språka har svært ulike vilkår.

·         Styrken i målreisinga: Hadde initiativet, var den offensive, hadde den beste organiseringa, og det største truverdet som nasjonal sak.

·         Svakheit i målreisinga: starta frå 0! Utarbeiding av norm, opparbeiding av litteratur, aviser, utbreiing osv. Implementering av nytt språk er vanskeleg. + Negative haldningar, allereie i samtida: «Ubrukeleg som moderne språk».

·         Tidstypisk på sitt vis: Talet på europeiske språk dobla seg (?) på 1800-talet. Nasjonaliseringselement.

·         Knudsens reformlinje hadde statusen til det eksisterande skriftspråket i ryggen, eit rettskrivingsarbeid som liknar meir på andre land i denne tida.

·         Det tredje alternativet: samnorsken - eit forsøk på ei språkteknokratisk løysing på eit delt skriftpsråk.

·         Men opphavet er meir interessant, 1860 då Knudsen og Aasen skildest: Sars, Hagmann, Berner: Nasjonsbyggingsprogram – den dansk-norske høgkulturen og den norsk-norske bygdekulturen måtte inngå i ein ny norsk kulturell identitet. Blir teke opp av Koht som gjer det til arbeidarrørsla sin språkpolitikk. Idear om nasjonsbygging som fekk brei tilslutnad, både i mållag og riksmålskretsar ved starten av 1900.

·         à Meir flytande verkelegheit enn vanleg i lærebokframstilling. Dette kunne gått annleis under andre omstende!

 

Målspørsmålet som politikk:

·         Konstituerande for partiskilja, Venstre vart målpartiet, målrørsla kapra Venstre. Målfolk sat sentralt i venstre.

·         Men kva var det med målsaka som gjorde ho interessant for Venstrefolk som ikkje var målfolk? Jo den er med å konstituere eit skilje mellom Høgre og Venstre. Stemmetala i 1885 viser blokkdeling.

·         Målsaka var ei vinnarsak for Venstre. Fordi:  den var samlande for landet då, medan andre saker var splittande! (For eksempel Kielland, jarnbane som splitta Venstre). Gode venstremenn var for målsaka, også skipsreiarar frå Bergen! Michelsen, Mowinkel osv. Eit ledd i Venstre sitt breie nasjonsbyggingsprosjekt.

·         Politisk nasjonalisme og kulturnasjonalisme: riksrettsstriden, unionsoppløysinga, uro rundt 1. verdskrig. à målsaka vekk vind i segla. Pga: Latent kulturnasjonalisme som blir utløyst av ytre faktorar.

·         Men Venstre varer ikkje evig. «Då venstre var stort» – «då venstre vart lite» (Grepstad). Akutt behov for nyorientering i målrørsla à møte med arbeidarrørsla, Koht osv. Berre delvis vellukka.

·         Dette var ei tid då målspm. var viktig i politikken, meir viktig enn i dag. Regjeringskrise på målsak i 1912 (Konow sitt fall). Illustrer at dette spørsmålet nådde i toppen av norsk politikk. Denne situasjonen gjekk over, ikkje minst fordi staten fekk andre oppgåver: veksten i den moderne staten. Dei store, tunge velferdssakene, sjukehus osv., som staten tidlegare ikkje dreiv. Desse sakene (sosiale og økonomiske) vart meir skiljande i politikken enn kulturelle og territoriale (fråhald, målsak, religion osv.). Slik veks AP fram!

·         Språk, religion osv blir etter kvart privatsak, også i eit forsøk på å feie vanskelege saker under teppet.

·         Urbaniseringa blir eit problem: – identiteten i målsaka var «bygdereising» - eit syn som stod sterkt lenge i målrørsla.

·         H og V ueininge om mykje i 1885, men begge er einige i at landsmålet passar best på bygda og ikkje i byen.

·         Kristiania voks sterkt, sterkast i heile Europa. Bydialektane fall mellom stolane, verken riksmål eller landsmålsfolk fatta interesse for dei.

·         Sentrum-periferi-dimensjonen: Byvekst sett på som trugsmål mot bygdene og målreisinga, målreisinga vart symbolsak i den dimensjonen.

·         1900: nyorientering – kan ikkje sjå bort frå byane. Ein må vinne dei også om ein vil ha idear om å få nn som landsdekkande språk. Fekk gjennomslag hjå strategane i målrørsla. Fattar også interesse for bydialektane, for eksempel Idar Handagard gransking av bymål i 1902. 

·         Bondeungdomslag (1899 à) – kaffistova og bondeheimen mm. jf i dag i innvandringsintegreringa. Dersom ein berre organiserte seg godt og bygdefolket som kom til byen tok med seg dialekt og nynorsk, ville dei til slutt erobre byen. Møtte raskt sosiale realitetar som slo den satsinga tilbake. Lukkast ikkje med å skape nynorsk urban identitet.

·         Riksmålsrørsla hadde taket på byane. Var ein viktig aktør, sto for den utbreidde haldninga om at riksmålet passa best i byane. Bjørnson sine utsegner om tussete bønder og bygdefolk, viktig faktor.

·         Riksmålsrørsla og målrørsla var i lag om å skape eit skilje mellom by og land! Dette vart etter kvart eit problem for målrørsla.

·         «Nidaros»-debatten i 1929, forsøk på målreising à mobilisering frå byfolket à 1931 heiter byen Trondheim. Deretter ingen omdøyping av byar. Her møtte nynorsken veggen. Klarte ikkje å erobre byane.

Etterkrigstida:

o   Riksmålsoffensiven: kamp for reversering av innføring av nynorsk –> lykkast. Talet på krinsar går ned

o   Krigen = brotet i språkhistoria, vanleg framstilling. Stemmer delvis. Men

o   Urbanisering, utarming av landsbygda, generell kulturell endring, oppdemd sentralisering: bølgje av skulesamanslåing og folkeflytting, frå landbruk til industri.

o   Bygdene kjem i bakleksa, bygdekulturen er symbolet på fortida, bykulturen er framtida.

o   1960-70: kjem nyorientering.

§  Det norske språkproblemet: er det ein normal fleirspråkstiuasjon? Jf internasjonal samanheng. Manglar enno litt på denne forståinga.

Sjølvforsterkande prosessar, med dynamikk mellom fløyane:

 Mange trudde kring 1914 at nynorsken kom til å vinne. Etter andre verdskrigen: nynorsken taper ein stad à smittar vidare.

Konklusjon på korleis skrive språkhistorie: Må finne dei stadene der situasjonen ligg open! Stille kontrafaktiske spørsmål! Ikkje berre finne dei poenga som skaper ei samanhengande historie, jf. framstillinga i lærebøkene.

Kva hadde skjedd i 1905 om ein ikkje hadde gått i krig mot AP? Kva hadde skjedd utan 1905?

Kva kan ein lære av historia?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar