tirsdag 15. januar 2013

Undervisningsopplegg til dialektundervisning



1.       Undersøking av reklamespråket:

o   Finst det ein ekte dialekt? Korleis kan ein «høyre» det? Kva assosierer vi med «ekte dialekt»?

 

2.       Elevane vurderer: Samanlikne ein tenkt reklame der ein børsmeglar pratar totning med utdrag frå Ett øga rødt, der det blir sagt at ein innvandrar ikkje kan spela Peer Gynt. Kvifor kan ikkje han spele PG? I neste runde: diskutere om ein børsmeglar kan prate dialekt. Knyte dette mot det postmoderne samfunnet, der «gamalt» og «nytt eksisterer side om side? Og rap-estetikk: Bronx møter bygda.

 

3.       Diskusjonsspørsmål: Rap og kjønn: kvifor er det fleire gutar som er rapparar og færre jenter?

 

 

4.       Lage rap på eige mål. Lage rap så gløppsk/valdrisk som mogeleg. Reflektere rundt bruk av bøyingar, ordval, fonologi. Battling? à for dei vidarekomne.  

 

5.       Samanlikne nynorsk og den eigne dialekten, strukturert framstilling av språktrekk, dvs. gå ut frå bøyingslære, lydlære, setningslære osv. Diskutere kva for dialektendringar ein har i dialekten, og kva dialektendring evt. gjer med bruken av nynorsk.

 

 

6.       Oversetja ein dielekttekst frå dialekt til bokmål, nynorsk og den eigne dialekten, og diskutere kva som skjer med oppfatninga av teksten.

 

7.       Harald Eia i Språkteigen diskuterer  kvifor dei brukar dialekt i sendingane. Kari sender lenkje.

 

 

8.       Elevane reflekterer over innhaldet her: Ronny på P3-morgon om Wordfeud på nynorsk.  https://itunes.apple.com/no/podcast/id154069962

Sjå 13. 9.2012, 22.00 ut i sendinga!

 

9.       Stygge og pene dialektar, dialekt som noko stigmatiserande. Kvar kjem stereotypiane frå? Nord-norske som ikkje fekk hybel. Kaste dialekten er ein metode for å ikkje bli putta i bås. Verdamer på tv2/ Rune Nilson/ Odd Nordstoga for eksempel 4-6 ulike dialektbrukarar frå media. Diskutere kva for språk dei pratar: dialekt/ nynorsk. Korleis oppfattar vi dei? Kvifor oppfattar ein dei slik. Og kva passar nynorsken til?

 

 

10.   Stillbilde av personar: kva for dialekt pratar dei? Skriv dei nynorsk eller bokmål?

 

11.   Ta opp ein munnleg tekst på tape, deretter skrive den  ut  på bokmål,  nynorsk og dialekt. evt. at ein pratar og ein skriv ned.  Få fram forskjellen mellom tale og skrift, dialekt og standardspråk.

 

 

12.   Tenk deg Bergen som nynorskby…  Kva må gjerast for at språket i ein by (Bergen/ Fagernes) blir nynorsk?

 

13.   Du skal skape eit skriftspråk på ei til no uoppdaga øy, korleis vil du gå fram. Evt. det finst ikkje eit skriftspråk i Noreg i dag. Korleis skal ein gå fram for å få eit norsk skriftspråk? Korleis går ein fram for å få det implementert (få folk til å bruke det)? Korleis får det prestisje?

 

 

14.   Språkleg sjølvsensur i dag vs. tidlegare tiders sensur frå for eksempel «fine fruer», jf. annonse om «nordlending ønskes ikke».

 

  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar